Naanbrød

Etter mykje prøving og feiling, har eg endeleg funne ei naanbrødoppskrift eg er skikkeleg nøgd med. Denne oppskrifta lager mjuke, smaksfulle naanbrød. Du kan enten steika brøda i ei støypejernspanne eller i omnen. Eg plar steika det i omnen fordi det er det enklaste, men smaken vert betre av å steika brøda i ei støypejernspanne. Oppskrifta har eg tatt frå denne nettsida og den lager 6 naanbrød.


Naanbrød

Ingrediensar:

4 g. tørrgjær

125 ml. lunka vatn 

30 g. mjølk

1/2 egg, ved romtemperatur 

1/2 ts. salt 

270 g. kveitemjøl

30 g. smør, smelta 

1 ms. svartkummin


Til å ha på:

30 g. smør, smelta

Ein liten handful finhakka fersk koriander (valfritt)


Bland tørrgjæren med all væska i ein bolle. Ha så i kveitemjølet, svartkummin og salt, og bland godt saman. Hev i 1-1,5 time til deigen vert dobbel så stor. Del deigen i seks delar, og trykk og strekk kvar del med hendene dine. Legg på ei bakeplate og la stå i omlag 15 minutt. Steik alle samstundes i omn på 275°C i 4-6 minutt, og pensla med smelta smør når du tar brettet ut. Alternativt kan du steika kvart brød individuelt i ei forvarma støypejernspanne i 60-90 sekund på kvar side. Pensla med smelta smør rett etter du tar kvart brød frå støypejernspanna. Dryss på med finhakka fersk koriander før servering (valfritt).