Mulligatawny-suppe kjem opphaveleg frå Sør-India, der namnet kjem frå orda milagu og thanneer, "peparvatn". Suppa vart oppfunne av indiske kokker til britiske kolonistar som ynskte ein kvasi-indisk suppe som ikkje var for sterk for britane, men som smaka "indisk". Suppa vart veldig populær i løpet av 18- og 1900-talet i Storbritannia, og er veldig god om hausten og vinteren. Det er også veldig enkelt å laga, og passar difor perfekt til ein rask kvardagsmiddag.
Eg likar å laga denne retten etter at eg har laga heilsteikt kylling. Eg brukar både kyllingkraft- og feitt frå dette, samt resten av kyllingkjøtet, men du kan sjølvsagt bruka vanleg kyllingkraft og kyllingkjøt frå filetar også.
Mulligatawny-suppe
Ingrediensar:
40 g. smør
1 lauk, finhakka
2 selleristenger, hakka
3 gulrøter, skrella og hakka
2 vårlaukar, hakka
2 kvitlauksfedd, finhakka
3 cm. fersk ingefær, skrella og finhakka
1 raudt eple, skrella og hakka
3 ms. karripulver
1,5 ts. spisskummen
1 ts. paprikapulver
1 l. kyllingkraft
1 ms. tomatpuré
400 g. kylling, i biter
Salt, etter smak
2 dl. kremfløyte
Jus av 1/2 sitron
Ein liten handfull fersk koriander, hakka
Smelt smør i ei gryte og ha i alle opphakka grønsaker. Steik i omlag fem minutt. Ha så i krydderet og røyr godt saman. Hell i kyllingkrafta, tomatpuré og kylling og kok opp. Smak til med salt. Kok i 1-2 minutt, og deretter småkok i omlag 40 minutt. Ha i sitronjus og kremfløyte, bland godt, og la småkoke i fem minutt til. Server med fersk koriander.