Pinsa

Pinsa er syskenbarnet til pizzaen, og er typisk for Roma og regionen omegn. Pinsa kan du servera både kald og varm, i motsetning til pizza, og er i tillegg avlang og ikkje rund. Namnet kjem frå det latinske ordet pinsère som betyr å strekka eller forlenga. Oppskrifta har eg frå denne nettsida. Oppskrifta lager fire pinsaer. Eg likar best å steika dei med berre olivenolje og salt, og servera med burrata, mortadella eller prosciutto, ruccolasalat og balsamicoeddik (pinsa bianca), men du kan også ha same topping som du elles ville hatt på ein pizza.

Naanbrød

Etter mykje prøving og feiling, har eg endeleg funne ei naanbrødoppskrift eg er skikkeleg nøgd med. Denne oppskrifta lager mjuke, smaksfulle naanbrød. Du kan enten steika brøda i ei støypejernspanne eller i omnen. Eg plar steika det i omnen fordi det er det enklaste, men smaken vert betre av å steika brøda i ei støypejernspanne. Oppskrifta har eg tatt frå denne nettsida og den lager 6 naanbrød.